Om oss
Pettersen Produksjonar består av brørne Jon og Eirik Eide Pettersen. Vi starta med filming av forestillingar i 2005, då vi filma ei forestilling for Arne Sangforening. Dette var ein enkel einkameraproduksjon, og vi har utvikla oss til eit langt høgare teknisk nivå enn den gongen.
I dag disponerar vi semiprofesjonelt opptaksutstyr til både ein- og fleirkameraproduksjonar.
Vi tilbyr filming av forestillingar og framsyningar til rimeleg pris. Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande tilbod eller prat.
Jon Eide Pettersen
Jon er 17 år og går for tida på Medium og Kommunikasjon ved Garnes Vidaregåande Skule. I tillegg til å drive med video er han aktiv med fotografering og medlem i Arna og Åsane Kulturungdomsråd.
Eirik Eide Pettersen
Eirik er 17 år og går Studiespesialiserande på Garnes Vidaregåande Skule. Han er stort sett Pettersen Produksjonar sitt ansikt utad, og prøver elles å kombinere ein hektisk skulekvardag med videoproduksjonen.
Webmaster: Ole Mjelstad



